Om laget

Hafslo Sogelag er eit lag for heile gamle Hafslo kommune.

Hafslo sogelag vart skipa i 1953, med nedslagsfelt i gamle Hafslo kommune (Veitastrond, Hafslo, Indre Hafslo, Marifjøra, Solvorn, Ornes, Kroken og Kinsedal). I lovene til laget, vedtekne på årsmøtet, 2. mars 2005, heiter det:

FORMÅL

§1. Laget har til formål å fremja interesse for slekts- og lokalhistorie og kulturvern, samle inn og og ta vare på alt som er av verdi for Luster kommune si historie, og so fortelje om folk sine levekår gjennom denne.

ARBEIDSOMRÅDE

§ 2. Verksemd. For å nå formålet kan laget, i samarbeid med aktuelle kommunale organ  arrangere møte, kurs, ekskursjonar, registreringar, innsamling av munnleg tradisjon, musikk,  målføre, stadnamn, fotografi og anna av historisk interesse.  

Sogelaget skal arbeide for at det vert utgjeve bygdebok og lokalhistorisk årbok. Hafslo  sogelag skal i tillegg arbeide for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i Luster  kommune. 

§3.  Laget står tilslutta Landslaget for lokalhistorie, Sogn historielag og eventuelt fellesråd for historie i fylket.

MEDLEMSKAP  

§ 4. Medlemar av laget er:  

a. Årsmedlemar som betalar den årlege kontingenten  

b. Æresmedlemar etter § 10.  

Kontingenten vert fastsett av årsmøtet. Utmelding av laget må skje skriftleg.  

STYRE  

§ 5. Laget skal ledast av eit styre på 5 medlemar med 3 varamedlemar.  Årsmøte vel:  

a. Leiar og styremedlemar for 2 år.  

3 og 2 «går ut» annakvart år.  

b. 3 varamedlemar for 1 år.  

c. 2 revisorar (alt. 1 revisor) for 2 år.  

d. Valnemnd på 3 medlemar for 1 år.  

Innan styret vert nestleiar, sekretær og kasserar valde. Styret vert samankalla av leiaren.  Styremedlemene skal få innkalling minst 3 dagar før møtet. Styret er vedtaksført når minst 3  medlemar er til stades. Styret ved nemnder til å ta seg av særskilde arbeidsoppgåver.  Varamedlemene skal ha tilsendt sakspapir.  

REKNESKAP  

§ 6. Rekneskapet skal førast for kvart kalenderår og leggjast fram for årsmøtet til  godkjenning i revidert stand.  

JURIDISK PERSON  

§ 7. Dersom laget tek opp lån for å få gjennomført ei eller fleire saker, vil juridisk ansvarleg  person vere leiaren eller den som styret utpeiker. Leiar og kasserar har underskriftsrett i  fylgje oppgåve til Brønnøysundregisteret. 

ÅRSMØTE  

§ 8. Årsmøte vert halde kvart år innan utgangen av februar. Det skal kunngjerast i lokalavisa  med 14 dagars varsel. Årsmøtet skal handsame:  

a. Årsmelding  

b. Revidert rekneskap  

c. Val  

d. Kontingentfastsetjing  

e. Innkomne forslag  

f. I tillegg kan årsmøte handsame handlingsplan og budsjett for komande arbeidsår  g. Større vedlikehaldsprosjekt, over kr. 50.000 skal planleggast, kostnadsreknast og  godkjennast av årsmøtet før oppstart.  

h. Sal event. kjøp av hus / eigedomar skal godkjennast av årsmøtet, eller ved at  årsmøtet gir fullmakt til styret til å sluttføre tingingar om sal event. kjøp.  Alle som møter personleg og har betalt kontingent for siste år, kan røyste. Saker som det er  ønskjeleg å handsame på årsmøtet, må vere innkomne til styret seinast 8 dagar på  førehand.  

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE  

§ 9. Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn når styret vedtek det eller når 10 røysteføre  medlemar krev det. For innkalling og varsel gjeld same reglar som for årsmøtet.  Ekstraordinære årsmøte kan berre handsame den eller dei sakene som er annonserte i  innkallinga.  

ÆRESMEDLEMSKAP  

§ 10. Årsmøtet vel æresmedlemar etter forslag frå styret.  

LOVENDRING  

§ 11. Lovendring kan gjerast på årsmøtet med 2/3 fleirtal.  

OPPLØYSING AV LAGET  

§ 12. Oppløysing av laget kan skje når 2 på einannan følgjande årsmøte vedtek det med 2/3  fleirtal. Laget sitt arkiv, aktiva og middel går over til Hafslo Idrettslag. 

Styret 2023 – 2024

Svein Solheimleiar
Aamund Bremernestleiar
Aud Marit Hillerensekretær
Gerd Westbykasserar
Kristoffer Melheimstyremedlem

Æresmedlemar

Kåre Alme vart utnemnd til æresmedlem i laget på årsmøtet 15.februar 2017. Han er den første æresmedlemet i laget si historie. Kåre fekk óg Luster kommune sin kulturpris for 2017, for sitt kulturelle/historiske arbeid gjennom mange år.

Kåre Alme mottok Luster kommune sin kulturpris 2017

Johannes Bremer Lomheim vart utnemd til æresmedlem på årsmøtet 13. februar 2019. Utnemninga  har sin bakgrunn i engasjementet han har vist i arbeidet i sogelaget over lang tid, heilt sidan skipinga av laget i 1961. Han har i ei årrekke engasjert seg både som leiar og styremedlem i laget.

Olav Kjell Lomheim vart utnemd til æresmedlem i sogelaget på årsmøtet i 2023. I perioden 1984 til 1992 var han varamedlem til styret. I 1996 vart Olav Kjell på nytt varamedlem før han i 1997 blei vald til leiar i laget. Dette vervet hadde han samanhengande til 2004, i heile 7 år. Medan Olav Kjell var leiar blei det jobba med fleire større saker. Restaurering og vedlikehald av Stuaflåten har vore, og er, eit omfattande arbeid. Bygdebokarbeidet er den saka som oftast har vore på saklista i styremøta i perioden. Det var også i Olav Kjell si leiartid at laget fekk hand om husmannsplassen Fluga. Det vart underskriven leigeavtale med eigaren, Agnar Berget, 19.april i 2001.