Kristen Bremer skreiv om korleis julefeiringa føregjekk når han var barn i «Hafslo kring 1860» – Tidsskrift utgjeve Historielaget for Sogn i 1952.
Det har vore travali for kar og kvende. Men arbeidet hadde falle lett, det lyste av storhelgi. Jolebandi i brótmønet syner at jolafta er komi. Alle har vaska seg og bytt reint. Karane og borni legg seg. Når dei vaknar eller vert vekte, er golvet sopa og strødd med sand og eine, kvardagskledi vert hengde bort, helgaklerne lagde til rettes, på kannestolen. På skåpet står ølkanna og brennevinsflaska. På bordet tregreina joleljos, fisk *) , smør, ost, flatbrød, rugkaka. Når me har ete, er klokka 12 midnatt, og då syng me joleversi. «Et lidet barn så lystelig», for det klokkeslettet vart Jesus fødd. Tre gonger syng me det, so tek me kvarandre i hendene, far og mor først, glade er me alle endå der korkje joletre eller jolegåvor var.
Men me born går ikkje gjerne bort i krærne, og slett ikkje ut i koven. Det er til og med vaksne som ikkje går åleine hus eller gard i millom. Tjørekrossane på fjøsdøri minner m. a. um jolaskreii som for i gamle dagar. Løyndarmakter er det enno og alltid, helst i høgtider er dei ute, store hende skal vera spådd, underlege teikn går det ord um.
Men det er berre i mørke og einsemd at høgtidskjensla er age og otte. Inne i fest og leik er ho råma i djup farge i eit ljost bilete, ålvorsgrunn under høgt huglag.
Er det godt ver og godt snøføre, er det trongt i kyrkja joledag, er det uføre, er kyrkja likevel full. Ein og annan er på ein lette, sume liar attåt ei lerke i lommen.
Kyrkja er gamal, tjørebrædd, svart som prestekjolen, inni er ho ljos, tak og vegger er måla, der heng minnetavler, heilage ord står å lesa. Kva altartavla synte hugsar eg ikkje; men godt hugsar eg tremastringen som hang i taket inne i koren. Sakristi er der ikkje, ikkje omnar eller urgje (orgel). Stolane er innebygde med dørar. Kvar gard (eller grend) har sin kyrkjestol, kvendi til vinstre, mannfolki til høgre.
Kvinner gjekk Inn I mannstol, aldri karfolk inn i kvinnestol, dei gjekk heller inn i koren. Alle mann tek til huva, når klokkorne varslar at presten går i kyrkja. Dei går ikkje stilt inn, kunde ikkje um dei prøva på det. Dei stivfrosne støvlane har hæljarn, golvet har ikkje teppe. Men dei har age for det heilage huset, bøyger hovudet med huva for andletet, når dei er komne på sitjande eller stående plass; um alle veit det skal vera i still bøn, er uvisst. Når den aronitiske signing vert messa, bøyger mennene hovudet for Guds namn, kvendi neiar.
Salmesongen er ikkje ven. Hovudsokni har fått seminar-upplærd klokkar. Han brukar dei nye salmetonane, kyrkjelyden kan ikkje dei nye, gamalt og nytt strider um overtaket. Høgtidsverset, Et lidet barn så lysteligt, vert sunge tre gonger, likesom i heimane um natti ved kveldsbordet. Eg trur dei var få som var med i preiki. Conrad Aars kom vel førebudd på stolen og hadde ei herleg røyst for tale og song. Men han hadde ikkje lag til å få åhøyrarane med.
Det fekk ikkje hjelpa um det var kaldt, folk kom med borni til «kristnings» når mori var so frisk vorti at ho kunde koma med og verta «leidd att i kyrkja».
I joletider går ingen til annan gard utan erend, og ikkje inn utan å vera beden. Han finn seg ein stokk og bankar på veggen. Inn må han, kor «idla tie» han har, og inn komen skal han hava skjenk, han kan ikkje «bera joli ut att».
Det hende at folk kom ubedne, dei kom utkledde og gjorde seg anna mål, dei gjekk jolebukk. Sjølvsagt laut dei og smaka på joli.
I jolegjestebod vert sjølvefolki og småborni bedne um dagen. Då var det kaffi, øl og brennevin og eit par gonger mat til ut på kvelden.
Vaksne born saman med tenarane hadde kveldslag, sjeldan med mat, alltid med mykje moro.
Nytårsafta vert høgtida som jolafta, med høgtidsverset ved kveldsbordet etter maten:
1. gong:
For saadan din Mildhedss Gaver,
O Fader i Himmerig,
Som du os givet haver,
Prise vi dig inderlig;
I Jesu Christi Navn
Vi bede dig saa saare,
Giv os et fredeligt Aare,
Dig til Ære og os til Gavn.
2. gong:
I Jesu Christi Navn
Vi bede dig saa saare,
Giv os et fred’ligt Aare,
Dig til Ære og os til Gavn.
3. gong:
I Jesu Christi Navn
Vi bede dig saa saare,
Giv os et frugtbart Aare,
Dig til Ære og os til Gavn.
Trettandeafta likeeins, berre det at ho var bleikare enn dei tvo andre, som ventande, når trettandedag i 100 år hadde vore teken bort som kyrkjeleg heilagdag. Me song då høgtidsverset for helligtrekongersdag tre gonger etter kveldsmaten då og:
Lovet være du Jesu Christ,
At du Menneske vorden est,
Født af en Jomfru ren og klar,
Thi glæde sig alle Engleskar,
Kyrie eleis.
Og trettandedag var helgedag, nytta til samling (uppbyggingamøte) og jolegjestebod.
Når alle karmenn i nye året hadde fått kvar si låvekona, og kvinnfolki kvar sin rokkemann **), og slutta med å helsa gledeleg nyår, var joletidi slutt. Då er det og ende på joledrykken i dei fleste heimar. Hjå sume kunde det vera joleskjenk å få radt til kyndelsmesse (2. februar) -han «kjøndelsmøss-Knut jagar juli ut», men vanleg vart tjuandagen rekna for å vera den siste i jolehelgi.
*) Lutafisk eller fersk fisk (aure).
**) Låvokona og rokkemann vart den konfirmerte kvinne eller mann først kom å huset etter nyår utan å ha vore der i joli. Den som fekk han eller ho, skulde traktera.