Laget har hatt gåande stiprosjektet «Kjosavegen», som er ein gamal ferdselveg mellom Mollandsmarki og Hafslo. Vegen var delvis attvoksen og mykje øydelagd av frittrennande vatn. Prosjektet er eit samarbei med Mollandsmarki grendalag.
Torstein Molland fekk underskrivne avtalar med grunneigarane i det aktuelle onmrådet ( 2015/2016), noko som var nøvendig med omsyn til søknad på offentlege midlar.. Det vart halde synfaring med maskinentreprenør Erns Rune Melheim, som gav eit kostnadsoverslag på arbeidet, og skogrydding som skulle gjerast på dugnad.
Skog vart rydda som avtalt av dugnadsgjengar , og Ernst Rune gjorde maskinarbeidet hausten 2017.
Det vart vidare sett ut 10 kvilebenkjer langs stien sist sommar, og det er kome skilt som er planlagd sett opp langs stien til våren 2019.
Prosjektet er godkjent, og rekneskapet er godkjent, slik at både spelemidlar og kommunale midlar er utbetalt i samsvar med søknader.
Tilsvarande arbeid, men ikkje så omfattande, er gjort på stien til Stuaflåten. Den er utbetra og i tillegg er det gjort noko sikringsarbeid, for å gjera stien tryggare, spesielt for ungar.Det er og utsett kvilebenkjer langs stien. Også her er prosjektet godkjent, rekneskapet er godkjent, og det er utbetalt spelemidlar og kommunale midlar i samsvar med søknad.
Me takkar kultursjef Erling Bjørnetun for støtte og hjelp med søknader.