Årsmeldingar for driftsåret 2022

Styre:

Svein Solheimleiarvald i 2021 på val
Aamund Bremernestleiarvald i 2022 for 2 år
Aud Marit Hillerensekretærvald i 2022 for 2 år
Gerd Westbykasserarvald i 2021 på val
Kristoffer Melheimstyremedlemvald i 2022 for 2 år

Varamedlemer til styre:

Torodd Joranger1.varamedlemvald for 1 år
Eirik Hoem2.varamedlemvald for 1 år
Tordis Skjerdal Rauboti3.varamedlemvald for 1 år

Flugenemndi:

Olav Grøteigleiarvald 2022 for 2 år
Wenche Lillian Moevald 2021 på val
Astrid Heggestadvald 2021 på val
Svein Øygardvald 2022 for 2 år
Gerd Holen Lomheimvald 2022 for 2 år

Varamedlemmer til Flugenemndi

Per Hessfor 1 år
Harald Hess for 1 år
Helge Stølen for 1 år

Bygdeboknemndi:

Per Jørgen Loenleiarvald i 2022 for 2 år
Magnar Høyumvald i 2022 for 2 år
Leif Hammarenvald i 2022 for 2 år

Stuaflåtringen:

Ole Johnny SieleiarPå val
Edin Lingjerdevald i 2022 for 2 år 
Kjell Jakobsenvald i 2022 for 2 år 

Modvanemndi:

Tor BremerleiarPå val
Sverre A Norheimvald i 2022 for 2 år
Odd Solvivald i 2022 for 2 år

Revisorar:

Jon SterriPå val
Torstein Lomheimvald i 2022 for 2 år 

Valnemnd:                                                 

Jon Ove Lomheim
Harald Hess
Henny Eikum Roterud

Byggjenemnd for prosjektet på Fluga:

Per Ivar Lomheim – leiar
Lars Karlsen
Olav Grøteig
Svein Øygard
Svein Solheim

I tillegg til valde nemnd:

Harald Hess
Edin Lingjerde
Odd Øygard

Æresmedlemar i Hafslo sogelag:

Kåre Alme, utnemnd til æresmedlem i Hafslo sogelag av årsmøtet i 2017
Johannes Bremer Lomheim, utnemnd til æresmedlem i Hafslo sogelag av årsmøtet i 2019.

ÅRSMELDING 2022.

Styremøter

Det er haldne 7 styremøter i dette arbeidsåret. Møta er haldne på Luster vgs. (3 møter), eit digitalt møte, eit møte på Sjøkanten hos Aud Marit,  og dei øvrige møta er haldne på Eikum hotell ( grunna dårleg luftkvalitet på Luster vgs.).

Leiaren har i tillegg delteke på 5 møter i prosjektet «Kulturen i Naturen» ( KiN ) i Gaupne.

Det vart halde ekstraordinert årsmøte, 20.juli 2022, med bakgrunn i at laget fekk avslag frå Brønnøysundregistrene  på søknad om registrering i Frivillegheitsregisteret. Grunn til det var §12 i lova til laget, der det står «at ved oppløysing av laget går alt over til Luster kommune».

Det er viktig for laget å verta registrert i Frivillegheitsregisteret, for å få refundert mva.

§12 lyder:

Oppløysing av laget kan skje når 2 på einannan følgjande årsmøter vedtek det med 2/3 fleirtal. Laget sitt arkiv, aktiva og middel går over til Luster kommune.

På årsmøte vart §12 endra til:

Oppløysing av laget kan skje når 2 på einannan følgjande årsmøter vedtek det med 2/3 fleirtal. Laget sitt arkiv, aktiva og middel går over til Hafslo idrettslag.

Etter årsmøte, vart det sendt ny søknad om opptak til Brønnøysundregistrene. Denne er no godkjend, og laget er innmeld i Frivillegheitsregisteret.

Det har vore handsama 52 bokførde saker. Av handsama saker nemnast:

  • Evaluering av årsmøte
  • Søknader til Luster  kommune vedk.: Modvo, Bygdeboka, Fluga og «KiN».
  • Søknad til Luster Sparebank om gåve til Laget og «KIN».
  • Teams-møte med Vestland fylke, Luster kommune og Laget v/leiar. Fekk ikkje til ny   skjøtselavtale med Fylket på Modvo.
  • Gjennomgang av heimesida til Laget v/ Aamund
  • Kristoffer representerte Laget på årsmøte til Luster folkeakademi
  • Orientering etter synfaring av Kultursjefen på stallen og reiskapshus
  • Innkjøpt elektrisk gjerde til eigedomen me leiger hos Inger og Per Hess
  • Synfaring på husmannsplassen Kvalen (26/4-22) Per Jørgen Loen, Geir Vetti, Arne Kvalen, Ole Inge Skagen og Svein Solheim
  • Harald Hess og Svein Solheim er valde inn i nyetablert hestesportutval i HIL
  • Søknad om refusjon av mva for KIN og laget
  • Søknad om registrering i Frivillegheitsregistret
  • Sett opp leigeavtale med eigar av Kvalen, Ole Inge Skagen.
  • Brev til Vestland fylkeskommune ang. skjøtsel av Modvo
  • Val av nemnd til Kvalen-prosjektet: Per Jørgen Loen leiar, Aamund Lomheim Bremer frå styre, Arne Kvalen, Per Ove Loen, Ole Inge Skagen eigar.
  • Innkomne midlar frå Luster kommune:
    • -drift av Fluga           kr 8 000,-
    • -skjøtsel av Modvo   kr 8 000,-
    • -bygdebokarbeid      kr 10 000,-
  • Gåve frå Luster Sparebank kr 20 000,-, og til KIN kr 10 000,-
  • Innkjøp av høgtalaranlegg til laget.
  • Skade på stovhuset på Fluga
  • Ekstraordinert årsmøte på Eikum, 20.juli 2022
  • Opning av hesteaktivitetssenteret på Fluga, 2.juli 2022, v/ ordføraren og mange frammøtte.
  • Møte på Eikum hotell med sogelaga i kommunen og kultursjefen. Drøfting av framtida til  Årbok for  Luster. Vedteke å løyve kr 50 000,- til KIN
  • Ferdigstilling- og innsending av rekneskap for byggeprosjektet på Fluga.
  • Bygdebokforfattaren Lars Øyene døydde sist haust. Laget sende blomster til enka, og Per Jørgen var representert ved urnenedsetting i Bergen, 12.8.22.
  • Søknad til Lotteri- og stiftelsestilsynet om straumstøtt – innvilga kr 111,-.
  • Div. orienteringssaker.
  • Framdrift på ombygging / riving av Luster vgs. Konsekvensar for lag og org. I Hafslo?
  • Utbetalt kr 5 000,- til bygdebokforfattaren, Terje Hasle Joranger.
  • Planlegging av årsmøte

Aktivitetar i arbeidsåret 2022.

Gjeldande aktivitet på husmannsplassen Fluga, Stuaflåten, Modvo og Bygdebokarbeidet, vert det vist til eigne årsmeldingar frå nemndene.

Byggeprosjektet på Fluga (hestesport og reiskapshus).

Dette arbeidsåret har, som førre arbeidsår 2021, vore prega av mykje dugnadsarbeid på byggeprosjektet på Fluga. Som det gjekk fram frå årsmeldinga i fjor, var utgravinga av tomten, veg til tomten og utjamning av massar i området, ferdig før årsskiftet 2020/21, det meste utført av Svein Øygard på dugnad, med innleigd maskin frå Ernst Rune Melheim.

Forskaling og armering vart gjort 3. – 4.mai 2021, av Per Ivar og elevar frå vg.skule.

Same gjengen støypte plata 6.mai, i steikande varme, slik at plata måtte vatnast heile veka. Då var det klart for bygging.

Reising av bygget starta i veke 20, år 2021, og etter det vart det dugnadsettermiddagar og einskilde laurdagar, fram til den siste dugnadsettermiddagen den 16.11.21, då bygget stod ferdig. Bygget vart beisa vår / sommar 22. I ettertid er stallen gjort ferdig, og det er innkjøpt gummimatter og diverse utstyr til å ha i båsane til hestane. Båsane er klare til å bitta inn hestar i.

Etter å ha gått gjennom dugnadslistene i byggeperioden, kan eg telja opp 44 økter me har vore samla til dugnad, i tillegg har det vore diverse møter og arbeid med søknader, oppmåling og diverse.

Me har fått mykje ros frå bygdefolk og andre på sjølve bygget, og plasseringa av bygget, i forhold til terrenget og ikkje minst i forhold til husmannsplassen. Det var eit viktig poeng å bevara husmannsplassen slik den alltid har vore.

Den faste og stabile dugnadsgjengen har vore:

Per Ivar Lomheim, leiar for byggjenemnda og ansvarleg byggjeleiar

Lars Karlsen

Olav Grøteig

Svein Øygard

Svein Solheim

Harald Hess

Edin Lingjerde

Odd Øygard

Desse karane, som vart den faste dugnadsgjengen som vart «kalla inn», har gjort eit imponerande arbeid under oppføring av bygget, der Per Ivar hadde ei fast og god hand på framdrift og byggtekniske spørsmål. Han har vore sentral under bygginga, og har leia det heile på ein god og lun måte, som motiverte og inspirerte oss andre til å stå på. Arbeidet gjekk lett, og ikkje minst var me velsigna med godt sommarvêr, der me hadde ein kun ettermiddag med regn.

Det var og miljøskapande at koner og sambuarar stilte opp med kaffi, påsmurt, eplekake, lappar, hellekaker m.m. Det var med på å gi ein ekstra inspirasjon og spiss på arbeidsstunda. Det hadde ikkje vore urimeleg om dei hadde klaga, at me var så opptekne på dugnad desse fine sommarkveldane.

I tillegg til den «faste» dugnadsgjengen, har me og hatt med oss på dugnad:

Jon Lomheim, ( heilt til han måtte ut i anna oppdrag ).

Jørgen Lomheim Tang

Ove Stølen (køyrde kranebilen til Hans Nes Bygg AS, då me sette på plass takstolane).

Reidar Lomheim, til prekutting av material

Johannes Solvi, til prekutting av material.

Heile bygget er reist, og beisa, på dugnad frå dei nemnde, utan innleigd arbeidskraft. Det er kunn betalt for arbeid ( 2 mann ca 2 dagar) til legging av takrenner og takplater, i tillegg til elektrisk installasjon.

Av andre gode støttespelarar til prosjektet, må nemnast kultursjefen, Erling Bjørnetun, som har vore god rettleiar og støttespelar i søknadsprosessen. Johannes Nes, i Hans Nes Bygg AS, har vore viktig rådgjevar og rettleiar i prosjektet, med teikningar, kostnadsoppsett og diverse rådgiving, alt gjort på dugnad. I tillegg har han brukt sitt nettverk til framforhandling av gode prisar på varer og tenester, som: betong frå Blanderiet, takstolar, takplater og generelle byggevarer m m. Me har og fått gode rabattar på varer frå Hans Nes Bygg AS.

Me i Sogelaget kjenner på at me har fått god respons/rabattar frå entreprenørar/firma me har vore i kontakt med i Kommunen: Ola Skophamar, Luster Energiverk, Sønnesyn sag, Hafslo Målarservice, Ernst Rune Melheim og Luster kommune.

ME TAKKAR FOR HJELP OG STØTTE. Utan dykk hadde det vorte ei større/vanskeleg utfordring å få fullføre denne «draumen», som me ser, av styreprotokollar, har vore oppe i styre i Hafslo sogelag sidan 2008.

Økonomien i prosjektet:

Som vel kjent er det gitt tilskot til prosjektet, med kr 300.000,- frå Luster Sparebank, kr 25.000,- frå Luster Energiverk. Det er innvilga spelemidlar, og utbetalt kr 293.000,- frå Luster kommune. Det er innvilga kr 556.000,- i statlege spelemidlar. Desse midlane er ikkje utbetalt, sidan det i dette systemet er lang kø. Me har søkt Luster kommune om forskottering av spelemidlane, i påvente av utbetaling. Det er no godkjent frå Kommunen ei forskottering på inntil kr 500.000,-.

Med den store dugnadsinnsatsen som er gjort i prosjektet, vil det og føre til at heile prosjektet kjem økonomisk god ut.

Det har vor god økonomistyring i prosjektet, som heile tida vore på pluss-sida på anleggskontoen.

«Innflytting».

Då bygget stod ferdig, vart det planlagd flytting av hestereiskapar m.m. frå Solvi, 30.mai.

Her var og fleire av dugnadsgjengen med:

Terje Melheim m/traktor (og eigar av Solvi).

Harald Hess m/traktor

Svein Øygard

Edin Lingjerde

Olav Grøteig

Svein Solheim

Det var mykje utstyr som kom inn i »hallen» denne dagen. Det vart ein lang arbeidsdag, som ikkje vart avslutta før kl 19. Men då hadde me og hatt oss pizza i mellomtida.

Den 7.juni, henta me tresjeverket i Bathen, som var innkjøpt av Mollandsmarki tresjelag i 1949, og nytta i fellesskap mellom gardane på Mollandsmarki. ( Retningslinjer for bruk, styresamansetning og økonomiske forhold ligg vedlagd på tresjeverket).Ole Johnny Sie stilte med traktor og hengar, og køyrde det til Fluga. Medhjelparar var Hallgeir Hansen (og sonen), Harald og Svein S.

Motoren til tresjeverket mangla, men ein tilsvarande motor fekk me hos Johannes Lomheim, som hadde tilhøyrt tilsvarande tresjeverk på Hafslo. Motoren er på plass, med bruksanvisning.

Me hadde og besøk av A Systad frå Sogn Folkemuseum, som var imponert over den gode tilstanden som tresjeverket er i.

Det var på denne tida fleire tresjeverk i grendalag på Hafslo.          

Det har i ettertid kome diverse reiskapar frå andre plassar i bygda, m a er det henta eit traktorlass med diverse frå Johannes Lomheim. Det er stadig førespørslar om me ynskjer meir utstyr, noko me sjølvsagt er interessert i. Me må likevel avgrensa tilgangen, slik at dette ikkje vert eit lager av gamle ting, men ein unik utstilling der me har eitt eksemplar av ein reiskap / ting.

Offisiell opning:

Den offisielle åpninga av bygget vart gjennomført 2.juli 2022, med snorklypping av ordførar Ivar Kvalen.

Ordføraren rosa utforminga av bygget og den dugnadsånda som hadde vore vist i gjennomføring av prosjektet, og overleverte blomster til leiaren i Sogelaget.

Leiaren, Svein Solheim, takka ordføraren for gode ord og for at han fann anledning å vera med på denne merkedagen for Hafslo sogelag.

Den fine sommardagen var medverkande til mange frammøtte, sidan det og vart arrangert slåttedag på Fluga denne dagen. Av dei mange bidragsytarane i prosjektet, var 31 inviterte til åpninga, med påfølgjande rømmegraut servert frå husmannsstova, i regi av Fluge-nemnda. Det var i tillegg sal av rømmegraut i husmannsstova, omvisning i stova og uthus, diverse leikar for born, og ikkje minst god framvising av Aud Marit og tantebarnet Josefine, om korleis arbeidsdagen kunne arta seg på ein vanleg dag på stølen.

I tillegg var det lagt opp til rideaktivitet for ungar, v/Torill Neverdal, og køyretur med hest og hjulslede v/ Johannes Oppheim. Det var tydeleg at dette var ein populær aktivitet.

Aktivitet:

Utover sommaren har det vore arrangert rideaktivitet og hestekøyring (med hestar frå Torill og Johannes), samtidig som det var  omvising i reiskaps- og utstyrshallen og på husmannsplassen.

Harald og Svein vart på årsmøte i HIL, innvalde i nyoppretta hesteutval i HIL. Me har såleis denne sommaren teke på oss  å få på plass hestar til riding og køyring, i alt 6 søndagar. Stor takk til Torill og Johannes. Det har vore god interesse mellom born til nemnde aktivitetar.

«Kulturen i Naturen» (KiN). Den kulturelle skulesekken

Prosjektet er eit samarbeid mellom de lokalefrivillege organisasjonane Hafslo sogelag og Folkeakademiet i Luster. Luster kommune si kulturavdeling er koordinator og utviklar regiplan for prosjektet sine filmprosjekt. Hafslo sogelag fører rekneskap for prosjektet.

Kulturen i Naturen har minst 2 føremål:

  1. å bruke film og foto i tillegg til munneleg presentasjonar og intervju som dokumentasjon på kulturarven i området Luster kommune.
  2. å styrke kunnskapen og identitetskjensla til lustringane generelt. Spesielt dei yngre årsklassane vil kunna ha nytte av film gjennom program til skulebruk, i t.d. Den kulturelle skulesekken. Filmane vil også vera aktuele hjelpemiddel til elevar og studentar som arbeider med eit spesielt tema.

Prosjektgruppa har vore repr. frå partane bak prosjektet Kulturen i Naturen:

Svein Solheim (leiar i Hafslo sogelag) og Mary Aasen (leiar i Folkeakademiet i Luster). Odd Atle Stegegjerdet og Erling Bjørnetun representerer Luster kommune. Teknisk prosjektleiar har vore Karl Stefan Åberg.

Ideen er også å få fram det visuelle bilete av naturgjevne kvalitetar som på sin særeigne måte er kopla til dei kulturelle verdiane som vert formidla. På denne måten vil eit slikt prosjekt kunne dekke fleire delmål: god marknadsføring, underhaldning, identitetsskaping og som verktøy for læring. Kunnskapsformidlinga i prosjektet vil vera viktig på sin måte. Både tradisjonar, historia i seg sjølv og den forma formidlinga har, opnar opp for ei forståing som ikkje er gjort tilgjengeleg før.

Planlagde filmar:

1 Engjadalsvegen, fjellveg opp frå Gaupne til Engjadalen

2 Feigum Mølle, historia om bygdemølla under Feigumsfossen

3 Breisete, jubileumsfilmen til jostedal helselag, om buforing og livet på stølen

4 Stølskultuen, bakgrunnfor, og om,stølen som viktig del av matproduksjonen

5 Solvornstrondi, historia om strandsitjaren og strandsona i ei fjordbygd

6 Munthehuset, om kunstnarsenteret i ytre Kroken, som og var husmorskule

7 Wittgenstein i Skjolden, bakgrunn for, og om den verdskjende filosofen sitt tilhøve til Skjolden.

8 Samferdsle, bygd på historia om båt-, bil- og busstransport i Luster kommune.

9 Livet til lustringar før oss, bygd på historia om arkeologiske funn i Luster kommune 

10 Bustudl, om populære barneleikar i Luster

11Brimkjelen, eit naturfenomen som endra store landskap              

Rekneskapsførar i prosjektet er kasseraren i Hafslo sogelag.

Forteljing / gjennomgang av gamle Hafslo sentrum.

Leiaren hadde ei fin oppleving på Hafslo Barne- og Ungdomsskule, då 5. klassen var samla i skulestova, og han fekk fortelja og syna bilder  korleis det var ved Buene i «gamle dagar». Det var ein absolutt lydhøyr og interessert gjeng, med mange gode spørsmål. Etter orienteringa i klasserommet, gjekk me turen frå Fonkebakken og gjennom heile gata, med megafon, og tok oppatt det me hadde føre oss i klasserommet. Det var fleire enn 5.klassen som lurte på kva som gjekk føre seg i gata den dagen.

Husmannsplassen Kvalen.

Det er kome innspel til Sogelaget, om å få vurdert rehabilitering av husmannsplassen Kvalen, som pr i dag er sterkt prega av forfall.

Det er sett opp ein intensjonsavtale mellom eigaren og Hafslo sogelag, basert på statusrapporten etter synfaring.

Viser til årsmeldinga for Kvalenprosjektet.

Heimesida til Sogelaget.

Aamund Lomheim Bremer er ansvarleg for heimesida. I tillegg til generell informasjon om Laget, er det lagd ut fleire interessante artiklar og bilder.
Gå inn på heimesida : www.hafslosogelag.no

Aktivitetsplan 2023:

  • søknad til Luster kommune om kulturminnevern og kulturvern
  • ferdigstilling av bokprosjektet: Gards- og ættesoge i Luster
  • følgje opp vedlikehald og utbetringar på husmannsplassane
  • slåttedagar på Stuaflåten og Fluga
  • guida medlemstur til Veitastrond v/ Aud Marit
  • planlegge medlemstur til Kibergeggi v/Kristoffer
  • om årsmøte godkjenner Kvalenprosjektet, vert det mykje prosjekt- og planarbeid
  • utvikle hestesportaktiviteten og sette opp driftsplan på riding / køyring
  • vidareutvikle utstillinga av utstyr og hestereiskapar med bilder og info-tekst på utstyret.
  • framleis halde ei oppdatert og informativ heimeside, gjerne med stoff og bilder frå medlemane
  • vidareføring / ferdigstilling av prosjektet Kulturen i Natuen.
  • i samarbeid med sogelaga i Luster, avslutte kontoen for Årbok i Luster, og fordele inneståande mellom sogelaga etter omsetning/sal.

Takk for samarbeid:

Styret vil nytte høve å takke for god støtte gjennom året. Takk til Luster kommune for tilskotsmidlar og til Kulturavdelinga v/Erling Bjørnetun.

Takk til Luster Sparebank for den årlege gåva, og for støtte til prosjektet «Kulturen i Naturen».

Takk til våre sponsorar med støtte til annonsering og gåver.

Takk for godt samarbeid i styret, og det viktige arbeidet som nemndene gjer i laget

Takk og til alle som har vore med på dugnad i byggeprosjektet på Fluga.

Du kan vera med å støtte Hafslo sogelag ved å bli medlem, vipps nr 547657, eller sjå heimesida vår.

Styret

Svein Solheim
-leiar-

Årsmelding for Flugenemnda 2022         

Nemnda har hatt 4 møter – 13. januar, 23.mars, 29. juni og 17. august, der vi har diskutert diverse gjeremål for sesongen. Vi har møtt til ein kopp kaffi med noko attåt. Så møtene har vorte fine sosial stunder for medlemane og konstruktive med omsyn til kva som bør gjerast.

Svein Øygard har hatt hovudansvaret for når grasset skal bli slått rundt husa og fått med seg andre når det er behov for det. På den måten ser det fint ut rundt husa og det er triveleg å komme til Fluga. Det har blitt mange dugnadstimar tilsaman.

Vi har hatt fleire dugnadskveldar i starten av sesongen der vi har nedvask av huset, ordnar pumpa, tømmer utedoen og vask der, sett over bygningane og ser kva som bør gjerast til ein kvar tid. I vinter var det mykje snø, så taket på utbygget utanfor kjøkkenet hadde fått seg ein knekk og måtte reparerast.

2. juni: Opplegg for skulen 1.- 4. klasse med ulike aktiviteter

Då hadde vi ulike aktiviteter som vasking av kle ute med vaskebrett og skylling i grovi, orientering i skomakerverkstaden og omvisning på kjøkkenet og stova om livet på garden i eldre tider. I tillegg servering av vassgraut. Vi har hatt ein evaluering med skulen og blitt einige om at dette opplegget kan vi ha anna kvart år, men då med 3. og 4. klasse.


Kjøkkenhagen

9. klasse var med å opparbeide ein kjøkkenhage i lag med Harald Hess og Helge Stølen + lærar frå skulen i vår.  Den vart hausta då skulen hadde starta oppatt i haust.


Hestedagar

Det vart arrangert tilbod om hesteaktivitetar fleire søndagar dette året. Flugenemnda stilte då med ein person som har opna husa og vore til stades om nokon ville sjå husa.

2. juli. Slåttedag/Opning av stallbyggningen.

Den største aktiviteten dette året var slåttedag og opning av stallbyggningen.

Programmet innheld bl.a.:

  • Opning av stall/reiskapshus kl. 11.00 v/ordføraren og ei orientering av Svein Solheim om prosessen fram til huset som stod ferdig.
  • Hesteaktivitetar – hest med slede og ridehest
  • Utstillinga av hesteredskap –  der nokon kunne fortelje og orientere om det som var utstilt der.

Slåttedagen:

  • Olav Grøteig ønskja velkomen til slåttedagen.
  • Musikk ved Jon Amund Karusbakken, Arve Bjørn Røneid, Baste Auntun og Asbjørn Røneid.
  • Kåseri av Aud Marit Hilleren
  • Servering og sal av rømmegraut, kaker og kaffi
  • Slåing med ljå, oppsetjing av hesjar, raking og hesjing
  • Aktivitetar for born og andre

Haustavslutning.

Det var den 13. september. Då serverte vi rømmegraut frå slåttedagen og  kaffi og kaker. Då inviterte vi dei som hadde stilt opp på opningsdagen/slåttedagen og gjort ein god innsats.

Flugenemdi.

Medlemmer som har vore med dette året:

Olav Grøteig, Wenche Moe, Astrid Heggestad, Svein Øygard, Gerd Holen Lomheim, Per Hess, Helge Stølen, Harald Hess

Aktivitetsplan for 2023.

Denne må lagast på første styremøte, men aktivitetane vil være
Slåttedag i byrjinga av juli.
Stell og vedlikehald av eigedommen
Kjøkkenhage i samarbeid med skulen
Aktivitetar i samarbeid med stall / reiskapshus.

Årsmelding Stuaflåtringen 2022.

Styret dette året:

Ole Johnny Sie – Leiar

Kjell Jakobsen – styremedlem

Edin Lingjerde – styremedlem

7. mai var eg og Edin nede og rydda skog og fann at det rann mykje vatn overfor uthuset. Det synte seg at grovi rann på avveg. Me fekk retta opp i dette.

16. juni hadde me slåttedag med 8 dugnadsfolk.

I år har det vore mindre besøk. Det nøyaktige talet har eg ikkje på noverande tidspunkt.

Den 24. september var eg nede og tok ut av hesi og såg over at alt var i orden før vinteren.

For Stuaflåtringen

Ole Johnny Sie.

Årsmelding 2022 – Bygdeboknemnda

Bygdeboknemnda har i 2022 vore samansett slik:

Per Jørgen Loen – leiar

Magnar Høyum

Leif Johan Hamaren

I 2017 vart Bygdebok for Luster – Band XI- Solvorn I – ferdigstilt og utgjeven. Det som står att før serien er fullført er Band XII – Solvorn II. Dette bandet skal omhandle 4 gardsnummer ,182 Kroken, 183 Urnes, 184 Kinserdal og 185 Åsen.

Bygdeboknemnda har ikkje hatt fysiske møte i 2022, men Leif Johan Hamaren og Per Jørgen Loen har hatt mykje telefonkontakt med kvarandre. Våren 2022 hadde vi også tett kontakt med Lars Øyane om dei siste oppdateringane av slektssoga for grn. 183 Urnes, grn. 184 Kinserdal og grn. 185 Åsen, som i praksis var nesten fullført i 2021. Grn 182, Kroken vart ferdig fletta på tampen av 2021, og leiaren las korrektur og sende rettingar til Lars Øyane våren -22.

Lars Øyane døydde den 7. juli 2022. Erling Bjørnethun, Terje Hasle Joranger og Per Jørgen Loen deltok på urneseremoni i Fana kyrkje 12. august. Etter seremonien var det minnesamvær, der m.a. Erling bar fram takk og helsing frå Luster kommune.

Det var sjølvsagt eit hardt slag for bygdeboknemnda at Lars gjekk bort, men til alt hell var han praktisk tala ferdig med slektssoga for heile band XII. Utfordringa var å få tilgang til filene som låg på PC-en hans, men det har heldigvis løyst seg.

Terje Hosle Joranger, Erling Bjørnethun og leiaren i bygdeboknemnda hadde møte i september for å leggje ein plan for sluttføringa av bygdebokprosjektet. Terje Joranger sette då opp det han meiner er ein realistisk framdriftsplan for fullføringa av Band XII. Av planen gjekk det fram at gardssoga for grn. 183, 184 og 185 skulle oversendast til bygdeboknemnda for gjennomlesing og korrigering innan årsskiftet 2022/2023. Første dagane i januar-23 kom manuset som lova.
Av framdriftsplanen går det vidare fram at manuset med alle rettingar skal vera klart til 1. mai 2023, inkl. engelsk samandrag og føreord. Bygdeboknemnda meiner at dette er ein realistisk plan.

Solvorn 21. januar 2023

Per Jørgen Loen – leiar i nemnda

Årsmelding frå Modvanemnda 2022

Medlemmar har vore:

Tor Bremer
Sverre Norheim

Nemnda har brukt den gamle avtalen, som var gjeldande frå 2010-2013, som grunnlag for skjødselsarbeidet på Modvo. Dette var ein avtale mellom kommunen, fylket og grunneigar.
Nemnda vil også i år minna om at det er ynskjeleg å få utarbeidd ein ny avtale.


Ein avtale som i større grad opnar opp for ei bedre tilrettelegging for besøkande . Dette gjeld både skilting fram til området og diverse fasilitetar. Til dømes har dei siste utgravingane funne spor etter menneskje som går 2000 år lenger tilbake, til bronsealderen. Dette bør dokumenteres og opplysast om på plansjene i området. Kanskje liknande plansjar også skulle vore på plass ved Sogn skisenter?


Denne sommaren var det sauene som gjorde jobben. Gjerde vart ettersett og forsterka, naudsynt rydding av vegetasjon vart utført før sauene inntok området.
40-45 sauer i ca 14 dagar i juni mnd gjorde deretter ein god jobb. Gjennom resten av sommaren vart etterveksten av gras beita av sauer som kom ned frå fjellbeite.

For Modvanemnda

Tor Bremer

Arbeidsgruppa for restaurering av husmannsplassen Kvalen – årsrapport

Hafslo sogelag har frå før teke hand om husmannsplassane Stuaflåten og Fluga, der det er gjort ein formidabel innsats med restaurering, skjøtsel og drift. I 2022 løfta styret fram

tanken om å få restaurert husmannsplassen Kvalen, ein veglaus plass ytst i Lusterfjorden. Slik kunne ein også få dokumentere korleis det var å leve på ein husmannsplass ved fjorden og dermed ha eit mangfald i bevarte husmannsplassar i Hafslo.

Leiar i sogelaget tok kontakt med grunneigaren til Kvalen, Ole Inge Skagen, for å sondera om det kunne vera mogeleg å få til ein langsiktig avtale i høve restaurering og bruk av plassen. Grunneigar var positiv til tiltaket, og det blei skrive ein 40-årig avtale mellom han og Hafslo sogelag. Avalen skal tinglysast.

Det vart oppretta ei arbeidsgruppe som skal jobbe vidare med prosjektet: Arne Kvalen, Ole Inge Skagen, Aamund Bremer, Per Ove Loen og Per Jørgen Loen, der sistnemnde er leiar i gruppa.

Plassen Kvalen har hatt busetnad langt tilbake, men vart fråflytta i 1959. Det har også vore «industriverksemd» på plassen m.a. steinhoggeri, sagbruk og kassefabrikk.

Det har vore svært mange bygningar på plassen til husmannsplass å vere: Stovehus, fjøs, kårstove, stabbur, eldhus, smie, tørkestove, sag, tobakkshus og naust m/ loft. I dag står stovehuset og naustloftet, kårstova ( kalla Vetle-stova) er delvis ned dotten.

Hafslo sogelag ønskje primært å få restaurere dei bygningane som står, men eit framtidig mål kan vera å gjenreisa nokre av bygningane som er borte. For det vidare arbeidet er det viktig å få på plass ein kai og ein utedo.

Deler av arbeidsgruppa og leiar i sogelaget var på synfaring med Geirr Vetti sommaren -22. Han var svært oppglødd og tilrådde sterkt å gå i gang med restaurering. Han kunne ikkje ta på seg prisoverslag for arbeidet, og Solvorn Bygg og Laft v/ Scott McLain vart kontakta. Han har laga prisoverslag for dei 3 bygningane som er aktuelle å restaurere.

Arbeidsgruppa ser det som viktig å dele prosjektet oppi delprosjekt. Dette vil vera mest gunstig med tanke på å søke midlar.

Arbeidsgruppa har komme fram til at naustloftet må ha 1. prioritet. Då vil ein kunne nytte det som lagerplass og kvilerom under restaureringsarbeidet. Seinare vil det kunne nyttast til utstilling og «klasserom» for grupper som er på besøk. Entreprenør har lagt inn betydeleg dugnadsinnsats i restaureringa av naustloftet.

Parallelt med delprosjekt 1 vil vi jobbe med å få finansiert og bygd kai og utedo.

Delprosjekt 2 vil vera hovudhuset, som er det desidert største og mest krevjande arbeidet.

Delprosjekt 3 vil vera «Vetla-stova»

Arbeidsgruppa satsar på få restaurert naustloftet i løpet av 2023, samstundes som ein også får realisert kai og utedo.

Planlegging av delprosjekt 2 – hovudhuset vil også skje i 2023.

Vidare vil det vera behov for noko skjøtsel i området rundt husa.

Målsetjing og bruk.

Kvalen har ein lang og interessant historie , både som husmannsplass og «industriplass» .

Målet er å ta vare på, og kunne formidle denne viktige delen av vår historia, først og fremst til den oppveksande slekt, men også til andre aldersgrupper. Det vil bli lagt opp til omvisingar i husa på plassen og formidling av historia knytt til plassen.

Kvalen er m.a. vorte eit turmål for mange. Det er mykje historie langs stien frå Kinsedalen til Kvalen, der ein tenkjer å setje opp informasjonstavler. Plassen vil som turmål ha ei rolle i folkehelseperspektivet. Guida turar t.d. med utgangspunkt frå Verdsarvsenteret på Ornes kan bli ein aktuell aktivitet for besøkande frå inn- og utland.

Status:

  • Avtale med grunneigar er sendt til tinglysing
  • Vestland fylkeskommune har gjeve positiv uttale med anbefaling for tiltaket.
  • Arbeidsgruppa jobbar med å søke kulturmidlar til delprosjekt ein.
  • Arbeider med planar og finansiering av kaiprosjekt og utedo

Solvorn 23.01.23

Per Jørgen Loen

Leiar i arbeidsgruppa