Kvalen er ein gammal husmannsplass ved Lustrafjorden. Den er veglaus og utan elektrisk straum. Hafslo sogelag har etablert eit prosjekt og arbeidsgruppe som skal restaurere og ta vare på plassen
Yearly Archives: 2023
Det var med sorg Hafslo sogelag mottok meldinga om Olav Kjell sin bortgang. Han døydde i heimen, 8.oktober 2023. Olav Kjell har vore ein aktiv bidragsytar i sogelaget gjennom fleire tiår. Alt i 1969 vart han vald til kasserar i laget. Dette vervet hadde han i 11 år, til 1980. […]
Fokus i år blir onning på gamlemåten, museumsquiz, musikk, lotteri og sal av slåttegraut, kaffi og kaker. Riding med hest, framvising av hestereidskapar og gardsutstyr i museet. Aktivitetane startar kl 11.30Sal av slåttegraut frå kl 13.30 Trekking loddsal kl 14
Hafslo Sogelag arrangerar guida tur til Veitastrond, laurdag 3.juni. Det vert guiding langs Veitastrondsvegen, på Veitastrond og Tungestølsområdet. Samordna køyring ag avreise frå Billagsgarasjen på Hafslo 3.6. kl 10. Kaffi og kaffimat vert å få kjøpt på turen. MERK: Påmelding innan 31.5.23 til: Aud Marit Hilleren tlf: 97986513/e-post amhiller@online.no
Av Malvin Moen Første gong presentert i Bjønnaposten 2013 Frå 30-åra og like til slutten av 50-åra var det vanskeleg spesielt for ungdom å få lønna arbeid om vinteren. Fåe tok vidareutdanning, og borna gjekk på skulen annankvar dag. Difor var det mange unge som hadde mykje fritid som måtte […]
Av Torodd Joranger (Første gong presentert i Bjønnaposten 2003.) – Det var ein stor dag og stor stas når det var hopprenn i Blombakken. Det næraste me kan klare å finne noko å samanlikne dette rennet med er Holmenkollrenna. Folk kom fartandes langvegs frå for å sjå på dette eineståande […]
Styre: Svein Solheim leiar vald i 2021 på val Aamund Bremer nestleiar vald i 2022 for 2 år Aud Marit Hilleren sekretær vald i 2022 for 2 år Gerd Westby kasserar vald i 2021 på val Kristoffer Melheim styremedlem vald i 2022 for 2 år Varamedlemer til styre: Torodd Joranger […]
Hafslo sogelag har årsmøte på Eikum Hotell, onsdag 8.februar 23 – kl 19:00 Vanlege årsmøtesaker Saker ein ynskjer ta opp, må vera innkomne innan 24.januar SAKLISTE:1. Opning / velkomst.2. Godkjenning av innkalling.3. Godkjenning av sakliste.4. Innmelde saker: a) Innstilling frå styret på godkjenning av Kvalenprosjektet. b) Framlegg frå […]
Stadnamnsamlinga til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane omfattar meir enn 250 000 stadnamn frå kommunane i fylket vårt. Arbeidet med å samle inn stadnamn starta i 1985. Hafslo sogelag har bidrege aktivt til å samle inn stadnamn frå vårt område. Her er eit utsnitt frå Fylkesarkivet sitt fylkesatlas, zoom inn […]