Årsmelding 2020

Styre: 

Leiar: Svein Solheim vald i 2019 på val 

Nestleiar: Henny Eikum Roterud vald i 2019 på val 

Sekretær: Gerd Westby Haugen vald i 2019 på val

Kasserar: Torstein Molland vald i 2020 ikkje på val

Styremedlem: Aud Marit Hilleren vald i 2020 for eitt år 

Varamedlemar til styre: 

Kristoffer Melheim 1.varamedlem vald i 2020 for eitt år Tor Bremer 2.varamedlem vald i 2020 for eitt år Tordis Skjerdal Rauboti 3.varamedlem vald i 2020 for eitt år 

Ansvarleg for heimesida: Aamund Lomheim Bremer vald i 2020 for to år 

Bygdeboknemndi: 

Per Jørgen Loen leiar vald i 2020 for to år Magnar Høyum vald i 2020 for to år Leif Hammaren vald i 2020 for to år 

Flugenemndi: 

Astrid Heggestad delt leiaransvar vald i 2020 for eitt år Wenche Lillian Moe deelt leiaransvar vald i 2019 for to år Svein Øygard vald i 2020 for to år Svein Haugen vald i 2020 for to år Olav Grøteig vald i 2020 for to år Varamedlemar: 

Sigrid Hamre Nyseth vald i 2020 for eitt år Per Hess vald i 2020 for eitt år 

Stuaflåtringen: 

Ole Johnny Sie leiar vald i 2019 – på val  Edin Lingjerde vald i 2020 for to år Kjell Jakobsen vald i 2020 for to år 

Modvanemndi: 

Tor Bremer leiar vald i 2019 – på val

Odd Solvi vald i 2020 for to år 

Sverre A Norheim vald i 2020 for to år 

Byggjenemnd for prosjektet på Fluga: 

Per Ivar Lomheim leiar 

Lars Karlsen 

Olav Grøteig 

Svein Øygard 

Svein Solheim 

Revisorar: 

Jon Sterri vald i 2019 – på val 

Torstein Lomheim vald i 2020 for to år 

Valnemnd: 

Lars Mogens Stølen vald i 2020 for to år 

Hans Moseng vald i 2019 – på val 

Johannes Bremer Lomheim vald i 2019 – på val 

Æresmedlemar i Hafslo sogelag: 

Kåre Alme, utnemnd til æresmedlem i Hafslo sogelag av årsmøtet 2017. 

Johannes Bremer Lomheim, utnemnd til æresmedlem i Hafslo sogeleg av årsmøtet 2019. 

Årsmøte for driftsåret 2019, halde på Eikum hotell 12.februar 2020. 

Det var 64 frammøtte på årsmøtet. 

Leiaren ynskte velkomen. Spesiell velkomst til æresmedlemane Kåre Alme og Johannes Bremer  Lomheim, samt foredragshaldaren Terje Hasle Joranger. 

Etter forslag frå årsmøtet, vart leiaren vald til møteleiar og sekretæren til referent. Gudny Øvrebø Haugen og Magnar Heggestad vart valde til å skriva under møteboka. Det var ikkje innmelde saker til årsmøte.

Leiaren gjekk gjennom årsmeldinga frå styret for 2019, og arbeidsplan for 2020. Per Jørgen Loen gjekk gjennom årsmeldinga frå Bygdeboknemnda. 

Venche Lillian Moe gjekk gjennom årsmeldinga frå Flugenemda. 

Svein Solheim gjekk gjennom årsmeldinga for Stuaflåtringen .(Leiaren for Stuaflåtringen var forhindra  å vera med på årsmøte). 

Årsmeldingane vart samrøystes godkjende av årsmøtet. 

Kasseraren gjekk gjennom revidert rekneskap for 2019. Rekneskapet var revidert og godkjent. Ingen  merknad får årsmøte. 

Drifta i 2019 gav eit overskot på kr 63 423,-, i tillegg vart prosjekta Kjosavegen og sti til Stuaflåten  avslutta. Desse prosjekta gav eit samla overskot på kr 110.053,-. Totalt resultat for arbeidsåret 2019  kr 173.476,-. 

Fastsetting av medlemskontingent for 2021. Styret la fram forslag på uendra kontingent for 2021,  som vart vedteke. 

Valet vart greitt gjennomført etter oppsett frå valnemnda. 

Servering, med karbonade og blautkake, loddsal og trekning. 

Terje Hasle Joranger, medforfattar i «Gards- og ættesoga for Luster», heldt interessant foredrag, med  bilder, over tema:» Lokal utvandring til Amerika frå gamle Hafslo kommune». 

Leiar takka med blomster, Terje Hasle Joranger for interessant foredrag. 

Takka og for oppmøtet og ynskte vel heim. 

Arbeidsåret 2020. 

Styremøter: 

Det er halde 6 styremøter, og handsama 49 bokførde saker. Styremøta er haldne i tidlegare Luster  vgs. sine lokaler. Her har og sogelaget kontor og eige arkivrom. Til 3 av styremøta har, i tillegg til  styret, og leiarane for nemndene i laget vore innkalla. 

Av saker som har vore handsama nemnast: 

-Evaluering av årsmøtet 

-Orientering til styret om laget, gjennomgang av nemndene og pågåande prosjek ( spesielt for nye i  styret). 

-Innsending av rapport til Luster kommune etter tilsagn på kulturmidlar i 2019.  – Søknad til Luster kommune om midlar til rehabilitering av pipa på Fluga 

-Søknad til Luster kommune om kulturminnevern

-Søknad til Vestland Fylke om midlar til skjøtsel av området jarnaldergarden på Modvo. – Søknad til Vestland fylke om ny skjøtselavtale for jarnaldergarden på Modvo. -Fornya søknad om spelemidlar til prosjektet på Fluga 

-Status og aktivitet på heimesida, innspel og idear 

-Medlemskap i Luster folkeakademi. Henny vald inn i valnemnda 

-Fått gamalt skulemateriell frå Hafslo barne- og ungdomsskule. Arkiverast 

-Godkjenning av diverse søknader på prosjektet på Fluga, tinglysing av festeavtale med HIL 

-Planlegging av aktiviteten på Fluga i korona-sommaren. Ingen slåttedag eller søndagsope grunna  korona-smitten. 

-Styret har vedteke å gi leiar signatur og prokura for laget. 

-Laget er med i prosjektet «Kulturen i Naturen» (KUP), eit samarbeidsprosjekt med Folkeakademiet i  Luster, Luster kommune kulturavdelinga og ATS. Me vil starte eit meir systematisk arbeid for å  filmatisere kulturverdiar i bygdene på naturgjevne kvalitetar i lokalsamfunna våre. Av tiltenkte  prosjekt kan nemnast: bygging av Engjadalsvegen, Breisete – stølskultur i Vigdalen, Feigum mølle,  Solvornstrondi, Munthehuset i Kroken m m. Svein representerer laget og sogelaga i kommunen,  saman med Folkeakademiet i Luster, kulturavdelinga i kommunen og ATS. Det er eigen prosjektleiar.  Stønad til prosjektet er gitt av Luster sparebank (kr 100.000,-), Luster kommune ( kr 150.000,- )og  Vestland fylke ( kr 300.000,-) 

-23.november starta utgraving av tomten på Fluga, med Svein Øygard på dugnad, ved «spakane», og  maskiner frå Ernst Rune Melheim. Det er no påkøyrt pukk og grus på vegen til tomten og i tomten.  Planlegg byggestart til våren 2021. 

Bygging av reiskapshus / hesteaktivitet på Fluga. 

Søknaden om spelemidlar til prosjektet er no godkjent, med HIL som samarbeidspartnar. Det er  etablert eigen prosjektkonto, som vert ført av Hafslo sogelag, i samarbeid med HIL. 

Ein kan likevel ikkje pårekna utbetaling av spelemidlar dette året, grunna søknader som står i kø for  utbetaling, og som ligg føre oss i søknadsprosessen. Om nødvendig trong for likvide midlar, stiller me  likevel sterkt med spelemidlane som garanti for eventuelle lån. Luster kommune sin del av  tilskotsmidlane vert utbetalt ved oppstart i vår. Slik me vurderer økonomien i prosjektet, skal det  ikkje vera trong for å ta opp midlertidige lån i påvente av utbetaling av spelemidlar. 

Spelemiddelsøknaden må fornyast kvart år, inntil utbetaling er føreteke. 

Ved utgraving av tomten, vart det samtidig laga veg frå innkøyringa frå Krekavegen og ned til tomten.  Sidan det her skal køyrast med betongbilar og andre tyngre køyretøy, vart det lagt duk under pukk og  med eit gruslag på toppen av vegen. Vegen vart passa fint inn i terrenget, også med tanke på minimal  stigning for universell utforming til adkomst til stallen og reiskapar. 

Overskotsmasse frå utgravinga vart, etter løyve frå Luster kommune, nytta på andre sida av  Krekavegen, der det er laga til ein ekstra parkeringslomme. Resten av overskotsmassen vart jamna ut  mellom Krekavegen og tomten, alt fint tilrettelagd av Svein Øygard, Olav Melheim i godt samarbeid  med entreprenøren Ernst Rune Melheim.

Stadnamnarbeid i laget sitt område. 

I dette arbeidet har Hans Moseng og Arne Kvalen hatt oppfølging mot Fylkesarkivet, med innsamling  og innplassering av namn på kartet. Det er eit godt arbeid som er gjort, og kartet viser ein  imponerande oversikt på stadnamn i heile kommunen, der sogelaga i kommunen har vore  medverkande i arbeidet. 

Det vart og oppdaga at over 700 innsamla namn i Luster kommune ikkje var kartfesta, i tillegg til ein  del geografiske feilplasseringar under kartfestinga. Dette er no oppretta. 

Den som har arbeid med dette på Fylkesarkivet skal no pensjonerast til hausten, og det er uvisst om  eller korleis dette arbeidet vert vidareført i det nye Vestland fylke. Det bør følgjast opp av  kulturavdelinga i kommunen. 

All korrespondanse som stadnamngruppa har hatt med Fylkesarkivet på dette området, er no sendt  over til Marit Kvalen, som er interessert i å arbeide vidare/ gjerne få opplæring i kartfesting, slik at  dette arbeidet kan gjerast lokalt. Kan vera ei oppgåve for Fylkesarkivet , før kompetansen går ut (vert  pensjonert). 

Så langt: takk til Hans og Arne for engasjert og godt arbeid over tid. 

Øvrige aktivitetar i nemndene i laget. 

Kvar nemnd i laget har sett opp eigne årsmeldingar, med detaljar om aktivitetar i arbeidsåret. 

Heimesida. 

Det er Aamund Bremer Lomheim som har kontroll med heimesida: www.hafslosogelag.no. Her finn  ein fakta om laget. Du finn vidare ein del lokalhistorie, gamle bileter og skjema for innmelding som  medlem i Hafslo sogelag m m. Har du bileter, artiklar eller historiar som kan knytast opp til  nærmiljøet vårt, kan du kontakte Aamund eller nokon annan i styret. 

Arkivet. 

Kåre Alme arbeider med bilete som er lagra, og prøver å finna namn på personar på bileta. Dette er  utfordrande, sjølv for Kåre. Elles er arkivet ope for arkiverbart materiale frå lag og organisasjonar i  laget sitt arbeidsområde (gamle Hafslo herad). 

Aktivitetsplan 2021. 

-den store dette året vert ferdigstilling av reiskapshus / hestesportanlegg på Fluga. Det er lagt til  grunn ein god del dugnadsarbeid, som me håpar medlemar og andre vil vera med på. 

-ferdigstilling av bygg og omkringliggjande område nær bygget. 

-beising. 

-hente – køyre til- og stille opp hestereiskapar for besøkande i reiskapshuset.

-heste- og rideopplæring, rideaktivitet. HIL vil stå føre aktiviteten, i samarbeid med sogelaget,  hesteeigarar og hestekyndige/hesteinteresserte, der sogelaget kan ha andre aktivitetar på  husmannsplassen og omvisning i det nye reiskapshuset. 

-vidareføre prosjektet «Kulturen i Naturen», saman med Folkeakademiet i Luster, kulturavdelinga i  kommunen, ATS og prosjektleiar. 

-følgje opp ny samarbeidsavtale med Vestland fylke om skjøtsel av Modvo. 

-hjelpe til, i samarbeid med Bygdalaget, med skilting av stiprosjekt. 

-velje inn medlem til skriftstyret for «Årbok i Luster». 

-sogelagstur til Tungestølen, med guiding av Aud Marit Hilleren, langs Veitastrondvegen, i  Veitastrond og Tungestølen . 

-planlegge tur(gjerne saman med Luster sogelag) til Klibbereggi. 

-forteljing/gjennomgang av gamle Hafslo sentrum, alt. med bruk av gamle bilder, evnt. vandring i  sentrum med gjennomgang av aktivitetar slik det var før. 

-sjå framsette aktivitetsplanar i årsmeldingane frå gruppene. 

Styret vil nytte høve å takke for all støtte gjennom året. Takk til Luster kommune sin kulturavdeling  for støtte og godt samarbeid, og kjærkomne tilskotsmidlar. 

Takk til Luster sparebank for den årlege gåva, og hjelp til kopiering og anna sponsing til vårt arbeid. Me ventar på tilskotsmidlar frå Vestland fylkeskommune til skjøtsel av Modvo. 

Takk til våre sponsorar, og spesielt til Røyrleggjarservice ved Ola Skophamar, som gav oss vasspumpe,  deler og hjelp til montering av pumpa på Fluga. 

Takk for godt samarbeid i styret, og det viktige arbeidet som nemndene i laget gjer. Du kan vera med å støtte Hafslo sogelag ved å bli medlem, vipps nr 547657, eller på heimesida. Styret 

Svein Solheim 

-leiar-

ÅRSMELDING FOR FLUGA 2020 

Det har vore eit spesielt år med coronaepedemi og nedstengning av alle kulturaktivitetar.  Me har difor ikkje hatt nokon av dei vanlege aktivitetane våre siste året. Men likevel har det skjedd ein god del. Me har rehabilitert pipa og pussa opp peisen på kjøk ken, slik at den kan brukast. 

Den store jøtul-omnen i stova har me teke ut, og stengt røykuttaka frå pipa til dei andre om nane i huset. No står desse omnane berre til «pynt» og minner om korleis einkunne varma  opp på soveromma. 

Etter dette var me ein gjeng inne som vaska og rydda i huset. 

Seinare har Svein Øygard måla brannmuren på kjøkken og dei røyropningane som no er att støypte. 

Har kjøpt og fått på plass til ein kommode i kammerset. Denne inneheld ein «baby» med ut styr/klede som vart nytta i byrjinga og midten av førre århundre. 

Har reparert Stabburet. Dvs.: Skifta kledning på ein vegg og skifta ein dørstokk. På Turken er eit støttebord på taket ordne. 

Vasspumpa ute på tunet er på plass, og klar til bruk. 

Svein Øygard kan fortelja om den og all velviljen han har vorte møtt med. Svein har og slege  graset rundt huset 4-5 gonger gjennom sommaren. 

Me har og fått ein del klær m.m. frå Bjørg Brynjulfsen. Ho hadde arva dette etter Anna Ny land. Liste over dette kan ein sjå på Fluga. 

Dette året er det notert 87 dugnadstimar 

Fluga er klar til å visast fram. Det er eit stort potensiale der, om me kan skapa ein «levande»  plass med god aktivitet. Det er stor velvilje og gjevarglede hjå bedrifter og bygdefolk. Enkelt  å be om hjelp til ulike tiltak. 

Hafslo 26.01.21. 

Flugenemnda

Figur 1: Arealdisponering for husmannsplassen Fluga

Melding frå Modvanemnda for året 2020. 

Nemnda har hatt fylgjande samansetting: Sverre Norheim, Odd Solvi og Tor Bremer, med  sistnemnde som leiar. 

Forvaltning av eit naturområde som Modvo er eit langsiktig arbeid som har som føremål å  halde vegetasjonen i sjakk rundt fornminna. Vidare gjeld det å sjå til at det er fritt for  søppel og er mest mogleg tiltalande å besøke området. 

Vegetasjonen blir halde i sjakk ved fysisk fjerning av tre og busker, samt at graset fortrinnsvis  blir beita. 

Sommaren 2020 vart grasveksten beita av ein flokk geiter. Etter mange år med kultivering  kan ein no registrere at område ber preg av å vere eit tiltalande kulturlandskap med frodig  innslag av allsidig gras og blomstervekst. 

Som kjent har det dette året vore gjort noko nytt registreringsarbeid i området.Dei nye  spennande funna og dateringane trekkjer busetjinga på Modvo om lag 2000 år lenger tilbake  i tid enn kva me tidlegare har hatt kjennskap til. 

Desse funna understrekar på ein god måte kor viktig kulturhistorisk område Modvo er. I nasjonal samanheng er det ikkje så mange slike anlegg. 

Hafslo Sogelag vil difor sterkt understreke at myndigheitene fortsatt må løyve naudsynte  midlar til kultivering av området. 

For Modvanemnda 

Tor Bremer

Årsmelding 2020 – Bygdeboknemnda 

Bygdeboknemnda har i 2020 vore samansett slik: 

Per Jørgen Loen – leiar 

Magnar Høyum 

Leif Johan Hamaren 

I 2017 vart Bygdebok for Luster – Band XI- Solvorn I – ferdigstilt og utgjeven. Det som står  att før serien er fullført er Band XII – Solvorn II. Dette bandet skal omhandle 4 gardsnummer ,  182 Kroken, 183 Urnes, 184 Dalen og 185 Åsen. 

Bygdeboknemnda har ikkje hatt fysiske møte i 2020.  

Leif Johan Hamaren og Per Jørgen Loen har hatt mykje telefonkontakt med kvarandre og  med bygdebok-skrivar Lars Øyane. 

Øyane har jobba aktivt i 2020 med å ferdigstille slektssoga, og han er nesten i mål med dette  arbeidet. Nemnda har enno nokre få data att å samle inn. 

Terje Hasle Joranger eg godt i gong med gardshistoria for Band XII. Gardsnummer 182  Kroken er nesten ferdig og 183 Urnes er under arbeid. Dei to siste gardsnummera, Kinsedal  og Åsen er lite omfattande.  

Per Jørgen Loen har hatt eit dagsmøte med Terje Joranger og gått i gjennom gardshistoria  for 182 Kroken. Han har henta inn diverse data som mangla. 

Leif Johan Hamaren har hatt telefonkontakt med Terje Joranger om gardssoga for 183 Urnes. Lars Øyane har oversendt slektssoga for 182 Kroken til Terje Joranger for fletting. 

Målet er at manuset for band XII – Solvorn II – skal vera ferdig i løpet av våren 2021. 

Solvorn 07.01.2021 

Per Jørgen Loen 

leiar

Årsmelding Stuaflåtringen 2020 

Styret dette året: Ole Johnny Sie – leiar 

 Kjell Jakobsen – styremedlem 

 Edin Lingjerde – styremedlem 

26.april gjekk Edin og eg ein vårtur via Hilleren og løypestrengen og ned på Stuaflåten og sjekka at alt  var som det skulle etter vinteren.  

28.april var eg nede med tekst til infotavla og diverse småreparasjonar.  

7.juni slo eg graset rundt dørane.  

17.juni hadde me slåttedugnad der 7 deltok.  

Elles har det vore nokre haustturar utan organisert dugnad.  

I år har det vore om lag 40 som har skrive seg i boka. 

Slåttedugnaden for 2021 er tenkt den 19.juni.  

For Stuaflåtringen  

Ole Johnny Sie