Det har vore ein spesiell sommar for dei fleste av oss. Dette gjeld også oss i Hafslo Sogelag. Grunna korona-situasjonen har det ikkje vore mogleg å gjennomføre dei vanlege aktivitetane som trekker mykje folk. Til dømes måtte den tradisjonsrike slåttedagen på Fluga avlysast i år. På tross av dette har det likevel vore gjort mykje godt dugnadsarbeid.
Piperehabilitering og vasspumpe på Fluga.
På Fluga har det ikkje vore mogleg å nytte peisen på kjøkkenet grunna tilstanden på pipa. I sommar har det derfor blitt utført piperehabilitering ved å montere nytt stålrøyr i pipeløpet. Arbeidet er no ferdigstilt og peisen kan endelig nyttast. Arbeidet har hatt ei kostnadsramme på omlag 50.000 kr, og Luster kommune har støtta arbeidet med 16.000,- av dette.
Tilgang på vatn har vore ei utfordring på Fluga. I sommar har laget derfor fått montert vasskum og tidsriktig håndpumpe i tunet. Dette gir oss god tilgang på vatn gjennom heile sommaren. Håndpumpa er gitt i gåve frå Røyrleggjarservice Ola Skophamar AS og primus motor for arbeidet har vore Svein Øygard.
Elles er det utført mykje vedlikeholdsarbeid som kitting av vindauge, bytte av bord på veggen i stabburet og ymse målearbeid. Det har også vore slått rundt husi i gjennom heile sommaren.
Landskapspleie på Stuaflåten og Modvo.
På Stuaflåten har Stuaflåtringen gjennomført den årlege slåttedagen 17. juni. 6 karar deltok i arbeidet som vart leia av Ole Johnny Sie. Ta gjerne søndagsturen til Stuaflåten i haust og sjå denne unike staden.
Ved jarnaldergarden på Modvo har 14 geiter stått for landskapspleia i år. Dei har gjort ein god jobb med å holde vegetasjonen nede rundt dei gamle tuftene.