Kristen Bremer skreiv om korleis julefeiringa føregjekk når han var barn i «Hafslo kring 1860» – Tidsskrift utgjeve Historielaget for Sogn i 1952. Det har vore travali for kar og kvende. Men arbeidet hadde falle lett, det lyste av storhelgi. Jolebandi i brótmønet syner at jolafta er komi. Alle har […]
Yearly Archives: 2018
Det var ein gong to risar møttest på Nonfjell. Den eine var ryseleg stor. Den andre var noko mindre. Den største heldt til i Haugmelatraktene, der det syner djupe jel og jiljar etter fotefari hans. Den andre heldt for det meste til på Stedjeåsen, Njuken og Tølderingen. Det synte ikkje […]
Det vart på siste årsmøte vedteke å byggja reiskapshus for hestereiskap og utstyr. Bakgrunn for dette prosjektet, er at Hafslo sogeleg fekk tilbod frå Terje Melheim, om å overta alt av hestereiskapar og utstyr tilhøyrande garden Solvi ( tidlegare eigar Einar Solvi). Styret i sogelaget har hatt synfaring av reiskapane […]
Laget har hatt gåande stiprosjektet «Kjosavegen», som er ein gamal ferdselveg mellom Mollandsmarki og Hafslo. Vegen var delvis attvoksen og mykje øydelagd av frittrennande vatn. Prosjektet er eit samarbei med Mollandsmarki grendalag. Torstein Molland fekk underskrivne avtalar med grunneigarane i det aktuelle onmrådet ( 2015/2016), noko som var nøvendig med […]
Fluganemndi har oppsummert året 2018. Dette har vore eit år med stor aktivitet, både når det gjeld tilstellingar og dugnadsaktivitet. Mellom anna har me hatt besøk frå Canada, av etterkommarar til Johannes J. Tang, fødd på Fluga i 1885. Til saman er det lagt ned imponerande 326 dugnadstimar. Slåttedagen den […]
Før i tidi budde det mange stader folk, der som det ikkje bur nokon no, framme i dalane og oppe i høgdene. Soleis og i Hafslo. Der det no er gilde gardar med åker og eng og alt som dertil høyrer, var det då tjukk skog, fureskog, og folki som […]